Vilkår for bruk av tenestene «Folk» og «Torg» mellom Brukar og Fjordabladet AS, org.nr. 939731687. Fjordabladet AS er ein del av konsernet Polaris Media ASA.
Ved å akseptere denne avtaleteksten godtar du vilkåra beskrive for deg som brukar av tenesta. Avtalen omfattar bruk av bilde og tekst i annonsane som blir laga i tenesta.
Det er brukar sjølv som bestemmer innhald i sine annonsar, men innhaldet i annonsar og helsingar kan ikkje bryte med norsk lov og sedvane. Fjordabladet følgjer retningslinjer og bestemmingar fastlagde i MBLs retningslinjer for annonsepraksis (mediebedriftene.no). Annonsar som strir mot lova, er villeiande eller inneheld noko som bryt med samfunnets moralnormer og god tone, vil ikkje bli innrykte. Annonsar som ikkje tilfredsstiller estetiske krav, blir ikkje innrykte.
Annonsar og helsingar skal ikkje innehalde bilde eller opplysningar som du ikkje har fått lov til å bruke, og du må vere sikker på at omtalte personar er innforstått med og einige i slik bruk. Ved å opprette ei helsing hos oss, stadfestar du at du har samtykke til slik bruk av persondata og bilde frå alle involverte. Involverte personar har rett til å få opplysningar om seg sjølv retta eller sletta. For spørsmål om dette, kan vårt personvernombod kontaktast på personvern@polarismedia.no
Bilde skal ikkje ha gjennomgått vesentlege redigeringar og kan ikkje innehalde filter eller element (stickers) frå f.eks. snapchat o.l.
Fjordabladet påropar seg retten til å ikkje rykke inn annonsar bestilte som privatannonse, dersom verksemda/tenesta det fell inn under kan karakteriserast som bedriftsannonsering. Nemninga bedriftsannonsering kan vere tenester som blir ytt, sal av ved eller gjentakande sal med formål å skape profitt.
Bestillingsfristane for tenestene kan vere forskjellige frå kategori til kategori og står oppført i bestillingsløysinga for kvar enkelt kategori. Merk at det kan vere avvik på fristar ved høgtids- eller andre raude dagar.
Fjordabladet tilbyr betaling med Vipps, Visa og Mastercard. Meirverdiavgifta er inkludert i di betaling og vil ikkje bli belasta utover opplyst pris. Det er ingen abonnementsforhold som fører til gjentatte betalingar/trekk. Når betalinga er gjennomført, vil du motta ei ordrebekrefting på di e-postadresse.
Fjordabladet påtar seg ikkje noko ansvar for feil i annonsar som er innrykte der annonseteksten er i samsvar med kundens bestilling. For feil innrykk, uriktig storleik og tidspunkt etc. som annonsebestillaren sjølv ikkje ber ansvar for, yter vi etter Fjordabladet sitt skjønn ein prisreduksjon som svarar til annonsens verdiforringing. Fjordabladet sitt ansvar for feil innskrenkar seg i alle tilfelle til annonsens kostnad.
Reklamasjonar må meldast Fjordabladet seinast ei veke etter at annonsen blei innrykt / publisert. Ved ønske om reklamasjon i samband med feilaktig leveranse, har vi moglegheit til å booke inn annonsen din til eit seinare tidspunkt eller refundere beløpet du har betalt.
Av omsyn til praktisk løysing, blir rubrikkannonsar plasserte der dei etter sitt innhald naturleg høyrer heime.
Du har angrerett så sant di booking ikkje er publisert digitalt eller i papiravis. På denne måten kan vi stoppe innlegget ditt før det blir publisert. Så snart innlegget er publisert første gong, digitalt og/eller i papiravis, er vara å sjå på som levert.
Ved misbruk eller brot på desse retningslinjene, kan Fjordabladet slette, avpublisere eller nekte publisering. Brukar vil få høve til å rette opp innhaldet, men har ikkje rett til refusjon av eventuelt betalt beløp. Fjordabladet påropar seg også retten til å gjere korrigeringar i tekst og redigering av bilde.
Fjordabladet har rett til å nytte bilde og tekst i annonsar og helsingar på sine nett- og papirprodukt. Innhaldet vil ikkje bli brukt til andre formål enn det som er naturleg for den tenesta brukar nyttar seg av.
For ytterlegare spørsmål, ta kontakt med kundeservice per telefon 57885310 eller e-post folk@pmnv.no. Vi ber om at du har referansenummeret tilgjengeleg ved kontakt, dette finn du i ordrebekreftinga di.